![]()
|
|
|
Medlemskap i NEON er gratis, uforpliktende og gir medlemstilbud på bøker, tidsskrift etc. |
|
|
www.neonnet.no - |
Tips webredaksjonen! |
|
Hjem | Om NEON | Bli medlem | Nettverk | NEONdagen | NEON Phd | Aktuelle bøker | Linker |
|
|
|
|
|
Sesjon 14: Akademisk Skavland: Globale ledelseskonsept på vandring, nyinstitusjonell teori vs ANT Ansvalig: Berit Moltu, StatoilHydro/ Sintef Debattdeltakere: Idear om organisering og leiing har opp gjennom åra vore mange. Dei siste tiåra har utbreiinga av desse ideane auka kraftig. (Huczynski 1993, Sahlin-Andersson & Engwall 2002). Industri og næringsliv sine behov for oppskrifter på effektiv organisering og leiing har gjort dette til eit omfattande område. Dette får oss til å stille spørsmål rundt korleis oppstår slike idear og konsept kva rolle har ulike aktørar som akademikarar, konsulentar, IT leverandørar, offentlege policy utformarar, litteratur, foredragshaldarar, bedriftsleiarar og praktikarar m.fl i denne utbreiinga? Korleis vandrar slike idear og kvifor får nokre enormt stor utbreiing og oppslutning medan andre berre vert korte tilløp? Kva rolle spelar slike idear og konsept i den auka globaliseringa av industri? Korleis skal vi forstå den ontologiske statusen til slike konsept og kva skjer med ideane og konsepta undervegs på reisa? Røvik (1998) konseptualiserer konsepta som institusjonelle standarar eller organisasjonsoppskrifter med ulike faser i livssyklusen til disse ideene; genesen, innreisen til organisasjoner, tilbaketrekkingen og tidsreisen. Abrahamson (1996) har konseptualisert managementkonsepta som mote eller flyktige fads eller trendar, og trur at slike mangementmotar følgjer klokkeforma kurver som Pascal (1990) empirisk syner fram i talet på artiklar og bøker for ulike managementkonsept. Ei studie i 7 europeiske land av BPR konseptet synte at leiingskonseptet ikkje var så moteprega som forventa (Moltu, Monteiro og Sørensen 2000), men at dei derimot var meir formbare enn forventa og undergjekk tildels store translasjonar. Mange andre studier understøttar påstanden om mangementkonsept som svært formbare (Moltu, 2001, 2003, Hepsøe 2005, Kongsvik 2006). Czarniawska og Joerges (1996) har og lagt vekt på translasjonsaspektet ved konsepta. Vi inviterer til ein brei diskusjon rundt kunnskap om fenomenet idear om organisasjon og leiing på vandring. Spesielt er vi interessert I å få fram kva gir dei to ulike perspektiva Aktørnettverksteori vs nyinstitusjonell teori? Feltet er umodent og trenger videreutvikling både teoretisk, empirisk og metodisk Samleside for program og paper til alle sesjonene. |
|
|||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||
|
Prosjektleder og kontaktperson for NEON: Kristin Hope Telefon: 55 58 38 94 |
||||||||||||||||||||||||
|
Hjem Om NEON Bli medlem Nettverk NEONdagen NEON Phd Aktuelle bøker Linker Diskusjon Kontakt |
||||||||||||||||||||||||